Albumcover

Denne oppgåva gjekk ut på å designe eit albumcover for ein tenkt artist eller band. Produktet skulle inkludere både forside og bakside, og vi skulle bruke bilder som vi tok sjølv redigert i Photoshop, og ulike logoar eller illustrasjonar designa i Illustator. Dette skulle setjast saman i InDesign med songtitlar, strekkode osv. på baksida. Eit anna kriteria var å benytte ei av designtrendene for 2018.

Idearbeidsprosess – Kill Your Darlings

Det første eg gjorde etter at vi fekk oppgåva var å leite etter inspirasjon og idear. Eg skreiv inn lp cover 2017 i søkefeltet, og fekk opp mange ulike albumcover som har vore populære før og i år: Skjermbilde 2017-12-15 kl. 11.00.43.png

Ut i frå eksempla eg fann, begynte eg å skisse ned ideane mine. Eg skisssa ned dei fire beste ideane eg kom på, og gjorde dei til ulike eksemplar på korleis album-framsida mi kunne bli sjåande ut. Eg enda opp med å utvikle den fjerde ideen min vidare. Denne ideen gjekk ut på at nokre personar skulle halde to store plakatar framfor ein modell (bildet skulle vere svart-hvitt), og deretter redigere inn enten eit fargerikt bilde eller ein illustrasjon, og bodskapen skulle vere at “sjølv om alt kan verke perfekt og vakkert frå utsida, treng det ikkje nødvendigvis vere slik på innsida”.

25445255_954042831401556_1315565992_o

25434342_954042798068226_1887252332_o

Arbeidsprosess

Tekst og typografi

Fonten eg brukte på sangtitlane på baksida heiter Courier. Denne fonten valde eg fordi eg ville at det skulle sjå ut som om teksten var skrive på skrivemaskin. Skrivemaskinar kan berre skrive svart på hvitt, og derfor tenkte eg at det passa godt til bodskapane i designet. På framsida brukte Photoshop til å skrive på neglene for å lage tittelen på albumet. Signaturen på framsida laga eg i Illustrator ved å bruke paintbrush tool.

This slideshow requires JavaScript.

Bruk av KEBB i designet

KEBB er eit kortforma ord som består av orda Kontrast, Eining, Balanse og Bevegelse. Dette er eit begrep som blir mykje brukt i mediefaget då det er viktige ting å hugse på om ein for eksempel skal analysere ein reklame.

Kontrast – ulikskapar og motsetningar. Gir bildet/designet meir spenning og liv.

Eining – ting som gjentas for å lage ein heilhet; fontar, bilder, fargar, mønster osv

Balanse – Symmetrisk oppsett, orden, og lik tyngde på begge sider av bildet/designet

Bevegelse – blikkfang og korleis elementa er satt opp. Skaper følelse av liv og orden

I mitt design har eg brukt kontrast ved redigere bildene til svart-kvit, alts lys og mørke. Regnbogefargane på logoen er også sterke kontrastar til bildene utan farge. For å skape eining brukar eg hender og papir i alle bildene, noko som også gir uttrykk av balanse. Eg gjentar også fargane svart og kvit. På framsida er det hendene som bryt ut av arket som er blikkfanget, altså bevegelse i bildet. Bildet skapar liv ved å liksom bevege seg ut av bildet.

Grunnen til at det er viktig å følge KEBB i eit design er at dei orda som begrepet er satt saman av er viktige ting å hugse på. Dersom ein brukar KEBB er kjangsen for å oppnå eit godt design mykje større enn om ein ikkje har ein plan å følge. Det er fort gjort å gløyme ein ting eller to, og då er det bra å liksom ha ein grunnleggjande plan å arbeide ut frå.

Vinyl Record PSD MockUp

Vinylcover2

albumcover

 

Bodskapar og fargesymbol i designet

Namnet på det oppdikta jentebandet er The Baileys. Eg valde akkurat det namnet fordi at ei alternativ tyding av ordet Bailey (hovudsakleg om jenter) er  “the best person to talk to if you are having an issue or just need someone to listen to you”. Eg synes at namnet passa godt med dei andre bodskapa eg ville få fram på albumcoveret, blant anna at når livet er mørkt, vil det alltid vere nokon som er der for deg.

Logoen til bandet består av ein B for Baileys og ein regnbogefarga bakgrunn. Grunnen til at eg valde å farge bakgrunnen i regnbogens fargar var ein quote eg kom over som eg synes passa godt til tittelen på albummet som er Darknessbe75e02f09e15a7886a052e6e4fbd007--life-quotes-and-sayings-quote-life

Bilderesultat for be a rainbow in someone else's darkness

Det første ordet, eller orda som er utheva i sangtitlane bak på coveret dannar den generelle bodskapen i designet: “don’t let the darkness break through, let it know you are tired of this s**t”.

Andre bodskap i designet mitt er for eksempel hendene på framsida som bryt seg ut av papiret . På neglene er det skrive D A R K N E S S, altså det er mørkret som bryt seg ut av av lyset, papiret. Bildet skal blandt ana vere eit symbol på kor skjørt mennesket er, og kor lett det er for mørket å bryte inn. Dette bildet kan symbolisere mange ting, og det var litt av poenget då eg ikkje berre vile ha éin mogleg tolkning av designet.

Det også mange skjulte bodskapar og symbol i designet mitt som må definerast av den enkelte. Ein del av målet mitt var som sagt å skape eit produkt som ikkje berre hang seg opp i ein bodskap, men som for alle kunne kunne ha forskjellige tydingar. Eg sjølv synes eg klarte det ganske greit ved å for eksempel bruke fargane svart og kvit då desse er nøytrale fargar som tydar noko som alle kan relatere til.

Svart: “knyttet til livets grensesituasjoner. Svart er et utbredt symbol for død og sorg. Uttrykk som «svart humør», «det ser svart ut» og «en helsvart dag» gir også uttrykk for menneskelige grensesituasjoner. På det politiske plan har anarkistene fylket seg under den svarte fane. Svart arbeid står for skjult og illegalt arbeid, svart magi for besvergelse av amoralske krefter.”

Kvit: Både i tradisjonell og moderne populærkultur representerer hvitt ofte det gode i motsetning til det onde og mørke, for eksempel i uttrykk som hvit magi og svart magi. I kristen tradisjon står hvit farge for «renhet» og «uskyld».

Eigenvurdering:

Sjølv om deisgnet ikkje blei slik eg hadde planlagt, er eg veldig nøgd med produktet! Albumcoveret blei ennå betre enn det eg forestilte meg og planla, og eg synes at sluttproduktet blei gav det uttrykket eg prøvde å få fram. Designet fekk ein enkelt utsjånad, men likevel fin og uttrykksfull.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s